Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel korleis opplæringskontora samlar inn og brukar personopplysningar.

Erklæringa gjeld for minlogg.no

Kvart enkelt opplæringskontor, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova kapittel III).

Vår databehandlar på denne nettstaden er

Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.

Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det

Data i brukarprofilen din

For å bruke denne nettstaden må du opprette, eller ha fått oppretta av andre, ein brukarprofil. Her samlar vi inn følgjande opplysningar:

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du besøkjer ei nettside.

Føremålet er både å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugse innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong.

Vi brukar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som besøkjer nettsidene å oppgje personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å fylle ut og sende inn skjema.

Viss du besøkjer denne nettstaden så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre første gruppene i adressa vert bruk til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at all data vert slått saman til èi gruppe og ikkje behandla individuelt.

Døme på informasjonskapslar som vert nytta for Google Analytics er:

_ga: Vert sletta automatisk etter 2 år. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gid: Vert sletta automatisk etter 24 timar. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gat: Vert sletta automatisk etter 1 minutt. Vert brukt for å fordele trafikk/spørringar. Når Google Analytics vert distribuert via Google Tag Manager, vert denne informasjonen kalla _dc_gtm_[egenskaps-id].

Rettleiingar:

Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar vi ein mellombels infokapsel for å finne ut om nettlesaren din godtek infokapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren. Men når du loggar inn, lagar vi fleire infokapslar for å lagre innloggingsopplysningane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminformasjonskapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vare i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.

Kommentarar

Viss det er opna for kommentarar, og du legg inn ein kommentar i kommentarfelt, så samlar vi inn opplysningar i kommentarskjemaet, i tillegg til IP-adressa og opplysningar om nettlesaren, for å hindre søppelkommentarar.

Media

Viss du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse dataene er fjerna kan dei som får tilgang til biletet kanskje kunne sjå kor og når biletet er teke, og kva kamera som er nytta.

Skjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, så vert dei opplysningane du legg inn lagra bak innlogging på nettstaden, i tillegg til at opplysningane vert sendt oss på epost. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema sidan eposten med dataene vert sendt ukryptert. Vi lagrar opplysningane i våre system så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Kven vi deler opplysningane dine med

Data som vert sendt inn via skjema, og lagt inn i brukarprofilen din eller loggen din, vert lagra på server hos vår databehandlar, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med.

Dataene vert tilgjengelege for opplæringskonsulent på opplæringskontoret som du er tilknytt, administratorar hos Bilbransjens Opplæringskontor Sogn og Fjordane, og vår databehandlar, fagleg leiar og instruktør.

Kor lenge vi lagrar opplysningane dine

Oopplysningar du gjev oss når du opprettar ein brukarprofil på denne nettstaden, og opplysningar du gjev gjennom brukarprofilen din, lagrar vi så lenge som naudsynt for å kunne yte tenester til deg. Vi ønskjer å behalde dataene ei stund også etter at du er ferdig med bruk av tenesta for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve.

Kva rettar du har over opplysningane dine

Viss du har ein brukarkonto kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysningane vi har om deg, mellom anna alle opplysningane du har gjeve oss. Når du ikkje lenger brukar tenesta kan du òg be om at vi slettar alle personopplysningar vi har om deg, så lenge du sjølv tek ansvaret for at sletting av opplysningane t.d. ikkje er til hinder for å få godkjent læretida di. Kontakt oss dersom du vil at vi skal gjere dette. Dette gjeld likevel ikkje data vi må lagre av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar.

Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss på post@mediebruket.no eller telefon 57 82 19 00.

Cookies hjelper oss med å levere tenestene våre. Ved å bruke tenestene våre, samtykker du til å bruke informasjonskapslane våre. Meir informasjon